Du har ansvaret for å følge opp helsa til barnet fram til hen er 16 år. Når barnet ditt fyller 16 år, blir hen helserettsleg myndig. Det vil seie at hen får ansvar for eiga helse, og bestemmer sjølv kva foreldre får innsyn i. Du mistar òg høve til å bruke Helsenorge på vegner av barnet ditt.
Du beheld tilgangen til ungdomen sitt Helsenorge
Ved å gi foreldresamtykke til ungdomstilgang, kan ungdomen logge inn sjølv og bruke nokre av tenestene frå 13 års alder. Samtidig beheld du som forelder framleis tilgang til Helsenorge på vegner av barnet ditt. Ved å bruke Helsenorge saman, blir ungdomen din betre rusta til å ta ansvar sjølv før hen må.
Kva får ungdomen tilgang til med foreldresamtykke?
Med foreldresamtykke får ungdom tilgang til:
- sjå timeavtalar dei har hos fastlegen og kommunehelsetenesta
- sjå namn og kontaktinformasjon til fastlege
- fornye og sjå reseptane sine
- sjå vaksinane sine
- bruke sjølvhjelpsverktøy (appar, videoar og kurs)
- meldingar i innboks som handlar om reseptar og timeavtalar frå fastlegen/kommunehelsetenesta
Ungdom med foreldresamtykke får etter kvart tilgang til fleire tenester, til dømes bestille time hos fastlegen. Du vil få varsel på Helsenorge når ei ny teneste blir tilgjengeleg for ungdomen din.
Korleis gi og trekke samtykke?
Ungdomen loggar inn med BankID
Har ikkje barnet ditt ungdomstilgang sjølv om du har samtykt?
Viss ungdomen din ikkje ser nokon tenester, kan du sjekke kva samtykkenivået til ungdomen din er. Du som forelder må sette samtykket til "full" for at ungdomen skal få alle tenester som er tilgjengelege for dei.